💼 Full-Time Position

Helsefagarbeidar 100% fast stilling

🏢
Grethe Juul Molvær
📍 langevåg, møre og romsdal, Norway
📍
Location
langevåg, Norway
📅
Posted
June 21, 2026
Type
Full-Time
🎯

Full-Time Opportunity: This is a permanent, full-time position with a competitive package and real career growth potential.

Job Description

Har du lyst å arbeide i ei aktiv avdeling med spennande arbeidsoppgåver? Langtidsavdelinga vår er eit bu- og behandlingstilbod ved Sulatunet til mennesker som ikkje lenger kan bu heime. Avdelinga har 28 bebuarar, stort sett eldre. Personalet legg vekt på å gi bebuarane trygge rammer heile døgnet. Bebuarane får tildelt hjelp og omsorg etter individuell vurdering.

Sulatunet har lyse og gode lokaler å arbeide i. Vi ligg ved sjøkanten i Langevåg sentrum, noko som gir gode moglegheiter for uteaktivitetar.

Avdelinga har flinke, engasjerte fagfolk og spennande arbeidsoppgåver. Vi er innovative, det blir nytta velferdsteknologi og vi har nyleg innført Helseplattformen. Avdelinga skal endre fokus i retning av aktivitet og forebygging av inaktivitet.

Arbeidsoppgåver

  • Grunnleggande hjelpepleiaroppgåver som praktisk hjelp, medisinering, palliasjon, aktivitetar, årskontrollar
  • Tverrfagleg behandling saman med andre relevante faggrupper