💼 Full-Time Position

Maskinsjef - for deg som verdsetter fritid!

🏢
Benedicte Ellingsen
📍 austrheim, vestland, Norway
📍
Location
austrheim, Norway
📅
Posted
June 26, 2026
Type
Full-Time
🎯

Full-Time Opportunity: This is a permanent, full-time position with a competitive package and real career growth potential.

Job Description

1 døgn om bord, 1 døgn hjemme i 3 veker - etterfulgt av 3 veker fri. Vi søkjer ein engasjert og kompetent maskinsjef til vår elektriske ferje MF Storfjord, som trafikkerer sambandet Leirvåg - Sløvåg.

Denne ferja vart bygd i 2011, og i 2019 ble ho bygd om til hybrid med batteri som primær energikjelde for framdrift. Dette er eit viktig steg i vårt arbeid for å redusere utslepp og bidra til ei meir berekraftig framtid.

Som maskinsjef vil du ha ei sentral rolle i å sikre effektiv drift og teknisk stabilitet om bord. Du får ansvar for vedlikehald og overvaking av maskineri og energisystem, og vil vere ein nøkkelperson i å oppretthalde høg driftssikkerheit på sambandet.

På dette sambandet jobbar ein døgnskift – du er om bord ett døgn og har fri ett døgn i tre veker. Deretter har du tre veker samanhengande fri. I samband med skiftordninga bør ein bu innanfor rimeleg reiseveg til Leirvåg eller Sløvåg då rederiet ikkje har bofasiliteter det døgnet ein har ...