💼 Full-Time Position

Psykologspesialist til FACT allmenn-team

🏢
Helse Stavanger
📍 bergen, vestland, Norway
📍
Location
bergen, Norway
📅
Posted
June 29, 2026
Type
Full-Time
🎯

Full-Time Opportunity: This is a permanent, full-time position with a competitive package and real career growth potential.

Job Description

Vil du vere med å videreutvikle framtidas psykiske helsetenester i Bergen – tett på menneske med samansette behov, og i eit team som er i ferd med å ta form?

Kronstad distriktspsykiatriske senter (DPS) søkjer psykologspesialist til FACT allmenn-teamet vårt. Vi held til i moderne lokale sentralt på Danmarksplass, har ansvar for bydelane Bergenhus, Årstad og Ytrebygda, og er eit DPS i kontinuerleg utvikling. Vi har ein tydal ambisjon om å tilpasse tenestene våre til behova i befolkninga – og å finne betre løysingar for dei som i dag ikkje får eit tilstrekkeleg samordna tilbod.

Kronstad DPS har allereie eit robust og veletablert FACT psykose-team, og er no godt i gang med oppbygginga av eit FACT allmenn-team i tett samarbeid med Bergen kommune, Psykisk helse Bergen Sentrum. Dette er det første FACT allmenn-teamet i regionen, og skal tilby eit heilskapleg, fleksibelt og meir tilgjengeleg behandlingstilbod til personar med alvorlege psykiske lidingar og samansett...