Job Description
Vil du leie og vidareutvikle miljøterapitenesta i Vågå kommune?
Vågå kommune søkjer ein trygg, strategisk og fagleg sterk tenesteleiar for Miljøterapitenesta .
Miljøterapitenesta er i ein viktig utviklingsfase, der vi arbeider systematisk med å tilpasse tenestene til demografisk utvikling, endra behov hos brukarane og tilgjengeleg kompetanse. Dette føreset tydeleg leiing, god heilskapleg forståing og evne til å balansere fagleg kvalitet, økonomisk berekraft og forsvarleg drift.
Miljøterapitenesta arbeider med målretta miljøarbeid der målet er at brukarane skal oppleve meistring, trivsel og tryggleik i kvardagen. Fagleg kvalitet, brukarmedverknad og godt arbeidsmiljø er kjerneverdiar i tenesta, og vi ønskjer å vere ei utviklande teneste -- både for brukarane og dei tilsette.
Helsetenestene i Vågå kommune satsar på fagutvikling, kvalitet og berekraft, både i dagleg drift og i eit langsiktig perspektiv. Vi arbeider aktivt med å rigge tenestene fo...